Biologar på feltarbeid i vassdrag

Kommunen deltek saman med fleire kommunar i Sogn i eit samarbeid med fylkeskommunen og Statsforvaltaren om å undersøke elvar. 

Dette vil vise miljøtilstand og gi ein peikepinn på eventuell ureining. Undersøkinga er ein del av arbeidet for at alle innsjøar, elvar, kystområde og grunnvatn skal oppnå miljømål etter vassforskrifta. Det er leigd inn konsulentar som skal samle inn og analysere vassprøvar og prøvar av botndyr og begroingsalgar. Undersøkingane vil etter planen skje i perioden juni-november. 

Følgjande vassdrag i Vik inngår i arbeidet:

Seljadalselvi i Vik
Hopra i Vik
Kvamselvi I Arnafjord, på Nese

Til toppen