Liste over utskriven eigedomsskatt for Vik kommune 2024 er utlagt for offentleg ettersyn
Stad: Tenestetorget på kommunehuset i Vik
Tid: 3 veker frå torsdag 29. februar 2024
Den alminnelege skattesatsen er 7 promille av skattegrunnlaget. For bustad- og fritidseigedomar er skattesatsen 2 promille av skattegrunnlaget. For bustader og fritidseigedomar er det i tillegg sentralt fastsett ein reduksjonsfaktor på 30%.
Skattesetel som syner takst og skatt vert sendt i eiga melding.
Klagefrist på eigedomsskatt er 6 veker (seinast 15.april 2024).
Eventuell klage sendast:
Vik kommune, Eigedomsskattekontoret
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Evt på epost til: postmottak@vik.kommune.no eller på eDialog (sikker elektronisk sending)
Publisert 28.02.2024 14:34
Sist endra 28.02.2024 14:52