Ekstrautbetaling av produksjonstilskot
For å kompensera for stor auke i kostnader vart partane i jordbruksoppgjeret sameinte om ei ekstrautbetaling av produksjonstilskot for bøndene i år.
Dei ordinære produksjons- og avløysartilskots-søknadene frå hausten 2021 og våren 2022 vert lagt til grunn for ekstrautbetalinga.
Bøndene treng såleis ikkje sende inn eigne søknader for å få tilskot til dette.
Tilskotet frå ekstrautbetalinga vert tilgjengeleg på konto tidlegast i slutten av september 2022.
Føretak som ikkje søkte om produksjonstilskot i 2021, vil få ekstratilskotet utbetalt i februar i år 2023.
Du finn meir informasjon på Landbruksdirektoratet si nettside.
Publisert 18.08.2022 10:49
Sist endra 13.09.2022 10:16