Førehandsrøysting laurdag 30. august

Me held Vik kommuenhus opent for førehandsrøysting til Stortings- og sametingsvalet komande laurdag mellom klokka 10:00 og 13:00.

De kan framleis førehandsrøyste ved Vik kommunehus alle kvardagar mellom klokka 10:00 og 14:00, fram til og med 5. september. Alle må ha med legitimasjon når de skal røysta. Legitimasjon kan til dømes vera pass, førarkort eller bankkort med bilete.  

På denne lenkja kan du få informasjon om vallokale og opningstider på valdagen 8. september.