Første spadetak er teke i Vik helse- og omsorgssenter

Onsdag 20. april vart arbeidet med nytt helse- og omsorgssenter starta opp med ei enkel markering av første spadetak.

Byggearbeida skal halda fram i over 4 år, fram til om lag 31. mai 2026. Det historisk store prosjektet for Vik kommune, har ei kostnadsramme på om lag 370 millionar kroner fordelt på 3 byggetrinn. Du kan lesa meir i kommunestyret si behandling av saka, siste gong 18.2.2022.

Planlegginga av prosjektet har pågått i fleire år, og kommunen har hatt følgjande rådgivarar med seg i dette arbeidet:

  • Arkitektar og leiing av prosjekteringsgruppa: Arkitektfirma Jon Vikøren as.
  • Rådgivande ingeniørar i byggefag, tekniske fag og utomhus: Norconsult as.
  • Rådgivande ingeniørar i brannteknikk: Firesafe as.

Etter ein runde med anbod i vinter, vart det i starten av mars klart at følgjande entreprenørar fekk tildelt dei 6 entrerprisane:

  1. Hovudentreprise: Lab entreprenør as, Bergen.
  2. Røyranlegg: Skår VVS as, Dale i Sunnfjord.
  3. Luftbehandling: GK Norge as, Sogndal.
  4. Elkraft og teleteknisk: Magnus M. Thunestvedt, Bergen.
  5. Automatisering: GK Norge as, Sogndal.
  6. Heis: Denne entreprisen er ikkje tildelt enno, men planlagt tildelt i starten av 2023.

I tillegg er NetNordic as tildelt entreprisen for velferdsteknologi gjennom eksisterande rammeavtale.

Følgjande firma er tildelt rollar som uavhengige kontrollørar i prosjektet:

  • Prosjektering og utføring av brannsikkerheit: Roar Jørgensen as
  • Prosjektering og utføring av bygningsfysikk, konstruksjonssikkerhet og geoteknikk: Bystøl as.

Prosjektet er ein kombinasjon av nybygg, sanering av dei eldste bygga og renovering av nokre av dei eksisterande bygga ved Vik bygde- og sjukeheim. Arbeida er delt i tre byggetrinn:

  1. Byggetrinn 1 består av:
    • Nybygg A med bueiningar.
    • Bygg B, som er renovering og tilbygg til Helsetunet.
    • Nybygg C med fellesrom, kontor og tenesteproduksjon.
    • Nybygg H med bueiningar.
  2. Byggetrinn 2 består av:
    • Nybygg D med fellesrom.
    • Bygg F, renovering av eksisterande bygg. Bueiningar.
  3. Byggetrinn 3 består av: 
    • Nybygg E med bueiningar.
    • Bygg G, renovering av eksisterande bygg. Bueiningar.

Bygg J på teikninga nedanfor er Bringebærhagen og bygg I er eksisterande bustadar i Flatbygdi 18. Desse to bygga er ikkje direkte omfatta av prosjektet, men med på teikninga for oversynet si skuld,

 

Oversynskart. - Klikk for stort bileteOversyn over bygningane i prosjektet.

 

Gruppebilde oppstart av VHO. - Klikk for stort bileteBrukarar, rådgivarar, entreprenørar og representantar frå byggherren. Jan Henning Aase  

Første spadetak VHO. - Klikk for stort bileteFørste spadetak VHO. Jan Henning Aase  

Til toppen