Frå 1. mars kan du søkje om produksjonstilskot

Om du driv jordbruksproduksjon på ein landbrukseigedom kan du søkje om produksjonstilskot etter gjeldande regelverk. Det er to søknadsomgangar for ordninga med søknadsfristar 15. mars (del 1) og 15. oktober (del 2)
 

Det er du som er husdyrprodusent som kan søkje om produksjonstilskot – del 1.

Driv du planteproduksjon med frukt og bær, og er forutan husdyr; må du vente med å sende inn søknaden din til søknadsomgangen i oktober opnar.

Du kan søkje elektronisk på denne- lenkja allereie frå 1. mars (teljedato). Det er pålogging via Altinn for både del 1 og 2.

Dersom du ikkje har høve å søkje elektronisk, er det mogeleg å fylle ut søknadskjema på papir. (PDF, 184 kB) Det er fint om landbrukskontoret får ei melding dersom du leverer søknaden på papir, då dette må registrerast inn i fagsystemet snarast mogeleg.

Aktuelle lenker og dokumentasjon

Landbruksdirektoratet - produksjonstilskot og avløysartilskot i landbruket 

Vik kommune - produksjonstilskot i jordbruket