Vi vil gjerne høyre kva du og dine synest om planframlegget.
Informasjon om høyringa samt medverknadsmoglegheiter og lenkje til det digitale planframlegget finn du her.
Tradisjonelt har det blitt invitert til folkemøte når kommuneplanen eller andre temaplanar har vore ute på høyring, og det skal inviterast til folkemøte denne gongen også (i veke 34). Men i seinare tid har færre og færre møtt opp på slike møte, og møta har ofte vore prega av innspel som fyrst og fremst gjeld enkeltinteressar, t.d. som grunneigar.
Det kan også vere viktig å høyre om enkeltinteressar. Men den type innspel er det mest føremålstenleg å sende inn skriftleg, som direkte høyringsinnspel. Då blir innspelet vurdert og handsama på lik linje med alle andre høyringsinnspel når planen skal opp i formannskapet og kommunestyret.
Gevinsten med folkemøte er størst når diskusjonane tek utgangspunkt i fleire sine interesser, t.d. til unge, eldre, unge vaksne, småbarnsfamiliar, frivillige lag, innbyggjarar i ei bygd, ei grend eller ein sentrumsdel. Då diskuterer vi samfunnsinteresser.
På grunn av utviklinga for deltakinga på folkemøte har vi i denne høyringa lagt opp til to nye medverknadsformer, gjestebod og opent plankontor, og håpar at fleire vil bruke desse tilboda. Les meir her.
Ordføraren kom med eit opprop til innbyggjarane om å medverke, då vi starta opp planprosessen i 2025, som du kan sjå her. Fleire har medverka allereie. På informasjonssida om revisjonen av kommuneplanen sin samfunnsdel på denne lenkja, kan du mellom anna lese om alle hittil gjennomførte medverknadsarrangement og resultata.
Bli med å forme Vik kommune si framtid, du også!