Har du kommunalt arkiv ståande i hyller og skap heime?

Vik kommune oppmodar alle som har kommunalt arkivmateriale liggjande i private hus, kjellarar, loft eller andre lagringsstader, om å levere dette til Vik lokalhistoriske arkiv. Slik kan vi saman ta vare på viktig lokalhistorisk dokumentasjon for framtida.

God plass til meir arkivmateriale

Vik kommune har avlevert det kommunale arkivet fram til år 2000 til Kommunearkivordninga Vestland. Ved Vik lokalhistoriske arkiv er det difor god plass til å ta imot meir arkivmateriale, både frå kommunen og frå private.

Vi ynskjer difor å kome i kontakt med alle som kan ha kommunalt arkivmateriale ståande i hyller og skap, eller lagra andre stader i private hus. Sjølv om materialet har lege urørt i mange år, kan det ha stor verdi for dokumentasjonen av kommunen si historie.

Vi oppmodar òg privatpersonar, lag og organisasjonar om å vurdere om dei har historisk materiale dei ynskjer å ta vare på for ettertida. Private arkiv kan innehalde viktig informasjon om menneske, verksemder, foreiningar og lokalsamfunn i Vik.

Ta vare på historia vår

Har du kommunalt arkivmateriale ståande heime, eller er du usikker på om materialet har arkivverdi?

Ta kontakt med Vik lokalhistoriske arkiv før du ryddar eller kastar materialet. Saman kan vi finne ei god løysing for å ta vare på dokumenta. Med ei felles innsats kan vi sikre at viktige delar av historia til Vik ikkje går tapt.

Vik lokalhistoriske arkiv v/ Rune Lee - rune.lee@vik.kommune.no - tlf. 913 72 908

Les meir om Vik lokalhistoriske arkiv på denne lenkja.