Helsetunet får ny inngang frå 5. oktober

Vik legekontor og Vik tannklinikk, får ny inngang frå onsdag 05.10.2022.

Bygging av Vik Helse og omsorgsenter gjer at me må ta i bruk midlertidig inngang til Vik legekontor og Vik tannklinikk.

Hovudinngang vert stengt frå 05.10.2022, og me opnar mellombels inngang i nybygget mot vest. Følg oppsett merking.

Det skal til ei kvar tid vere framkommeleg for personar med nedsett gangfunksjon og personar som treng transport til døra.