Høyring - kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse - Sogn og Fjordane

Klima - og miljødepartementet har bedt Riksantikvaren om å lage ei landsomfattande oversikt over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). 

Intensjonen er å gje betre oversikt over og medverke til å ivareta nasjonalt viktige landskap. Arbeidet følgjer opp Europarådet sin landskapskonvensjon, som Noreg har godkjent. Konvensjonen legg vekt på at landskap er ein felles ressurs som må sikrast gjennom målretta planlegging, forvaltning og vern. For å kunne gjere dette på ein god måte er det mellom anna behov for å kartlegge og prioritere landskap.

Sjå også Riksantikvaren sitt informasjonsark 
Riksantikvaren har også utgjeve ein rettleiar 

KULA-registeret vil vere eit sentralt kunnskapsgrunnlag og skal signalisere tidleg og tydeleg kva landskap det må takast særlege omsyn til i areal- og sektorplanlegging. Slik vil kulturmiljøforvaltninga vere meir føreseieleg for kommunane og sektorane i deira arealplanlegging og forvaltning av landskap. Målet er å medverke til ei god forvaltning av landskap generelt og spesielt dei nasjonalt viktige landskapa.

Fylkeskommunen har no utarbeidd eit forslag for KULA-område for Sogn og Fjordane. Høyringsutkastet finn du her 

Det er føreslege totalt 21 område, og fire av desse ligg heilt eller delvis i Vik kommune:

Balestrand og Vangsnes
Strendene i Vik
Hove og Hopperstad
Nærøyfjorden

Alle kan sende innspel til høyringa

Riksantikvaren ynskjer alle typar tilbakemeldingar og innspel til forslaget, men ber særskild om:

  • merknader til om utvalet av landskap er dekkande, sett i fylkessamanheng
  • merknader og eventuelle nye opplysningar til områdeskildring, storleik og avgrensing av dei enkelte områda, medrekna bruk av stadnamn og gjerne bidrag til fleire bilete frå landskapa
  •  merknader til råd om forvaltning av områda, vurderingar av kva området er sårbart for og opplysningar om planstatus og utvikling

Når det gjeld synspunkt på val av landskap, understrekar Riksantikvaren at endringar berre kan førekomme når det ligg sterke kulturmiljøfaglege årsaker til grunn.
Høyringa er open for alle. Du kan sende innspel til postmottak@ra.no . Merk e-posten med «KULA».

Digitalt informasjonsmøte

I samband med høyringa inviterer Riksantikvaren og Vestland fylkeskommune til eit digitalt informasjonsmøte. Her held dei ei orientering om KULA Sogn og Fjordane, der det mellom anna vert mogleg å stille spørsmål til Fylkeskommunen og Riksantikvaren. Det er to moglege tidspunkt for deltaking. Ein kan melde seg på anten 

15. september kl. 09.00-11.30 
Eller
27. september kl. 09.00 -11.30

Påmelding kan sendast til Mari.Solheim.Sandsund@ra.no

Kulturminnekontakt i Vik kommune er Karen Weichert, telefon  414 42 726, e-post karen.weichert@vik.kommune.no