Influensavaksinering og koronavaksinering hausten 2023

Me minner om haustens vaksinering! 
 

Me har ein del vaksiner til overs og opnar opp for å gi influensavaksine til alle som ynskjer dette. Dvs også utanfor risikogrupper og yngre enn 65 år. 
Covid og pneumokokkvaksiner er framleis kun til anbefalte grupper

Influensavaksine er anbefalt årleg til desse risikogrupppene: Bebuarar i omsorgsbustader og i sjukeheimar. Alle frå 65 år, gravide i 2. og 3. trimester og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko. Premature born fødde før veke 32 frå 6 mnd til 5 år. Born og vaksne med kronisk lungesjukdom inkl. astma, hjarte/-karsjukdom, nyresvikt/leversvikt, kronisk nevrologisk sjukdom/skade, diabetes, annan alvorleg/kronisk sjukdom, nedsett immunforsvar (samt deira pårørande), alvorleg fedme (BMI på meir enn 40). Les meir om influensavaksine på Folkehelseinstituttet sine sider her.

For vaksne er det er òg anbefalt ein oppfriskingsdose av koronavaksine til dei same risikogruppene der det har gått meir enn 6 mnd sidan førre dose. Mens det berre er barn med alvorleg sjukdom som bør ta koronavaksinen. Les meir om koronavaksine på Folkehelseinstituttet sine sider her.

Influensavaksine og koronavaksine kan gjevast samtidig i kvar sin arm. Pneumokokkvaksine (vaksine mot lungebetennelse) kan bestillast time til i forkant, eller i etterkant av influensa/covidvaksineringa. Den er no anbefalt kvart 6. år.

Vaksina får de på Helsetunet i Vik

Dersom du ynskjer vaksine må du avtale tid med Vik Legekontor på 57 69 87 00.

Influensavaksine:        kr 200,-
Pneumokokkvaksine:  kr 400,-
Koronavaksine:            gratis

Kommuneoverlege
Thuy-Anh Le Nes