Invitasjon til å koma med innspel til revisjon av kommuneplanen sin arealdel

I samsvar med vedteken planstrategi for Vik kommune 2020-2023, tek kommune no opp att planarbeidet med revisjon av arealdelen til kommuneplanen. 

Fastsatt planprogram (vedteke i 2018 i kommunestyret, saknr. 052/18) legg til grunn at fokusområde for revisjonen er nye område for bustader og for næringsareal, med hovudvekt på hovudsoknet. For meir informasjon sjå fastsatt planprogram. 

I det tidlegare planarbeidet har kommunen motteke innspel. Vi har motteke innspel både  i samband med høyring av planprogrammet (jan.-feb. 2018) og seinare då vi varsla oppstart av revisjon av arealdelen sommaren 2018.  

Tidlegare innspela vert teke med i det komande planarbeidet, men ettersom innspela er frå 2018 ynskjer vi å høyre om det har dukka opp nye behov og idear. 

Her er det lenkje til:  

Nye innspel skal vera skriftlege og innehalda opplysningar om: dato, namn, adresse og telefon/e-post.  Innspel som gjeld konkret forslag til arealbruk (ny byggeområde)skal dokumenterast med kartvedlegg der avgrensinga av området er påteikna. Areal til byggeformål må vera trygge for naturfare (ras/flaum) evt. dokumentert trygge med enkle sikringstiltak. Innspel som er i strid med føringar gjeve i planprogrammet vert som hovudregel ikkje tekne til fylgje.  Sjå kapitel 5 i planprogrammet. 

Innspel skal sendast på e-post til postmottak@vik.kommune.no eller som brev til Vik kommune PB 134, 6891 Vik i Sogn innan 27. mai 2022.

Høyringsinstansar og dei som tidlegare har kome med merknader og innspel vert informer med eige brev. 

Til toppen