Kan du tenkja deg å jobbe som frivillig?

Frivillig vil seia å vera til glede og hjelp for nokon som treng det, og sjølv oppleva glede av å hjelpa andre. 


Dersom du tenkjer tja eller ja – ynskjer frivilligsentralen at du tek kontakt! So kan me snakka om kva du ynskjer å hjelpa med og kor mykje/ofte. Det kan dreia seg om praktisk hjelp som t.d. matinnkjøp, hagearbeid og snømåking. Det kan også vere å ta ein kaffikopp og ein prat med nokon som treng det, eller som er mykje åleine. 
For å snakke meir om dette kan du du kan ringja Ranveig Turvoll på tlf. 900 48 351 (mandagar, tysdagar og torsdagar) eller ta kontakt på ranveig.turvoll@vik.kommune.no.