Kunngjering av fastsett planprogram for klimaplanen og innspel til planrevisjon

I samsvar med vedteken planstrategi for Vik kommune 2020-2023 er det sett i gang arbeid med revisjon av kommunedelplan for energi og klima. Revidert plan skal erstatte gjeldande kommunedelplan av 2011. Det er krav om planprogram som skal fastsetje rammer og retningsliner for planrevisjonen.

I kommunestyret 23.06.2022 sak 038/22 blei planprogrammet samrøystes vedteke. Det er no i lag med sakspapiret lagt ut på kommunehuset i Vik.

Planprogram og sakspapiret finn du og elektronisk på denne lenkja.

I sommar startar arbeidet med å utarbeide eit konkret forslag til revidert klimaplan. Framdriftsplanen legg opp til eit ferdig høyringsutkast før jul. Merknader skal sendast skriftleg til Vik kommune, Pb.134, 6891 Vik i Sogn eller som e-post til: postmottak@vik.kommune.no (merk innspel med saksnr. 22/320).

Det er høve til å sende innspel til revisjonen fram til 1.9.2022.

Til toppen