Kunngjering av planvedtak for oppheving av reguleringsplan Djuvik friområde
Oppheving av reguleringsplan Djuvik friområde av 1986 vart vedteken av Vik kommunestyre i møtet 27.10.2022, sak 062/22.
Vedtaket vart gjort i medhald av §12-14 i plan- og bygningslova og tyder at reguleringsplanen med alle tilhøyrande dokument ikkje gjeld lenger frå dato for vedtak.
Partar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket. Klageinstans er Statsforvaltaren.
Eventuell klage skal sendast til Vik kommune:
postmottak@vik.kommune.no eller Vik kommune, Postboks 134, 6891 Vik i Sogn.
Partar i planområdet vert informerte med brev.
Publisert 03.11.2022 09:48
Sist endra 24.01.2024 13:04