Marit Pettersen er Årets Vikje 2021

Marit Pettersen vart heidra i kommunestyret sitt julemøte torsdag 16. desember, og ordføraren delte ut prisen. 

Me gratulerer Marit Pettersen med prisen. 

Grunngjevinga for tildelinga av prisen som Årets Vikje 2021 til Marit Pettersen:

Marit får prisen for sin iver og stå på vilje for å ta eit tak for fellesskapet og for å hjelpe menneske rundt seg.  

Det er mange menneske i Vik kommune som kjem under gruppa med heidersnamnet eldsjeler. Ei av desse er Marit som gjennom eit langt liv har lagt ned ein stor og ueigennyttig innsats for andre både gjennom organisert lagsarbeid og som privatmenneske.

Marit er ei kvinne som ikkje på nokon måte har stukke seg fram, men som stillfarande og innsatsvillig alltid har vore med når det har vore spørsmål om å ta eit tak for fellesskapet for å hjelpa menneske som ikkje er i stand til å målbera ønskja sine sjølve. Ho har brukt svært mykje av fritida si til humanitært arbeid og for å gjera livet litt lettare for dei som på eitt eller anna vis fell utanfor. Marit har vist særleg omsut for dei gamle, og mange av tiltaka i kommunen for denne målgruppa har Marit vore med og arbeidd fram.

Marit Pettersen har hatt mange verv i lagslivet i Vik. Særleg Vik helselag har hatt mykje glede av Marit sitt pågangsmot og innsats. Ho har også lagt ned mykje arbeid for bygdaheimen i Fresvik heilt fram til no. Velferdssenteret i Vik har vore ei av hjartesakene for Marit, og ho kan også på dette feltet sjå resultat av strevet sitt. Som nabo til Frelsesarmeen i Vik har ho også lagt ned ein stor innsats for å hjelpa menneske i naud gjennom denne organisasjonen. Marit er også ofte å sjå med bøsse på store innsamlingsaksjonar, og ho stiller også svært ofte opp med baking og praktisk arbeid når det trengst i samband med lokale arrangement.

Det er ei stor gleda å utnemna Marit Pettersen til Årets Vikje for 2021.

16.12.2021
Roy Egil Stadheim
Ordførar

Årets Vikje 2021 - Klikk for stort bileteÅrets Vikje 2021 Geir Svendsen