Miljødirektoratet svarar på spørsmål om kvotefri jakt på hjortekalv Lytt til tekstenStopp avspillingMiljødirektoratet gir tilbakemelding på ofte stilte spørsmål i samband med kvotefri jakt på hjortekalv - sjå svara deira i lenkja her. Miljødirektoratet har gitt Vik kommune lov til å tildela kvotefri jakt på hjortekalv i årets jakt, og kommunen har då tildelt kvotefri jakt på hjortekalv til alle godkjende vald. Retten til å fella eit fritt antal hjortekalvar gjeld alle jaktrettshavarar i valdet. Kvar enkelt grunneigar må imidlertid samtykkje i at kvotefri jakt på hjortekalv kan utførast på sin eigedom. For sameige gjeld vanlege reglar etter sameigelova. Alle felte kalvar skal registrerast på vanleg måte i hjorteviltregisteret, eller i appen «sett og skutt», uavhengig av om det er kvotebelagt eller ikkje. På lenkja her finn du informasjon om appen til bruk i sett og skutt hjort. Publisert 26.08.2022 09:19 Sist endra 16.08.2023 09:55