Ny el-sykkel til utlån på biblioteket

Sogn Sparebank har sponsa ein elektrisk damesykkel til ordninga "Prøv-ein-el-sykkel". Kurt Arne var den fyrste innbyggaren som fekk låne sykkelen.

Sykkelen er lett å stige av og på, og ein har ei meir oppreist sitjestilling enn på hybridsykkelen, som er med i ordninga frå før. På tysdag 14. september var Sogn Sparebank ved Ragnhild Skahjem Tofastrud og Kirsten Asheim på plass for å offisielt overrekke gåva. 

Ordninga "Prøv-ein-el-sykkel" blir administrert av Vik folkebibliotek. Det er no tre el-syklar til gratis utlån for innbyggarane i Vik kommune: ein lastesykkel, ein hybridsykkel (begge sponsa av Miljødirektoratet sine klimasats-midlar) og damesykkelen. Ein tek kontakt med biblioteket for å delta i ordninga. Dei fleste syklane i ordninga har piggdekk om vinteren. El-syklar er ein god del dyrare i innkjøp enn vanlege syklar. Målet med ordninga er at ein kan prøve el-sykkel i ei veke eller lengre, før ein eventulet går til innkjøp sjølv.

Ordninga har så langt vorte hyppig brukt av innbyggarane i Vik kommune. Frå november 2020 til midten av september 2021 hadde dei to tilgjengelege syklane til saman gått 1439 km, om lag 44 km per brukar, og 5 km per utlånt dag. Hybridsykkelen har vore utlånt 60 % av tida, lastesykkelen 40 %. 29 ulike personar har lånt syklane.

El-sykkel er eigna for å erstatte bil på kortare turar, og dette er eit bra klimatiltak. Visste du at du kan redusere ditt personlege årlege karbonfotavtrykk med 1,4 % ved å ha ein bilfri dag i veka? (frå NTNU si nettside «klimavit»).

"Prøv-ein-el-sykkel" er eit delprosjekt til kommunen sitt klimaprosjekt «Sats på sykkel» som starta i 2020. I prosjektet jobbar kommunen også med betre tilrettelegging for sykkelparkering i kommunen.

I 2022 kjem Vik kommune til å setje i gang arbeidet med revisjon av klimaplan. Gjennom sitt klimaarbeid vil kommunen legge til rette for fleire tiltak som reduserer utslepp av klimagassar.

"Prøv-ein-el-sykkel" har framleis behov for sponsormidlar til innkjøp av deler og tilleggsutstyr. Sponsorar kan til dømes få reklame på syklane.