Nye retningslinjer for corona-vaksinering

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler ny oppfriskningsdose for nokre grupper.

Oppfriskningsdose for følgjande målgrupper:

  • Personar 75 år og eldre, og personar busette på sjukeheim (oppstart 1.juli)
  • Personer 65-74 år, og personer i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdom i samband med covid-19 (planlagt oppstart 1. september) 

Ein kan få tilbod om oppfriskningsdose tidlegast 4 månader etter siste vaksinedose. 

Gjennomgått omikroninfeksjon ser ut til å gi ein lågare grad av immunstimulering, samanlikna med tidlegare variantar. Anbefalinga om ny oppfriskningsdose for dei aktuelle målgruppene, gjeld difor uavhengig av om ein nyleg har gjennomgått infeksjon. Tidsintervall frå tilfriskning etter gjennomgått infeksjon til ny oppfriskningsdose bør vere minimum 3 veker, men eit lenger intervall vil som regel gi ein betre immunrespons.

Vik kommune får vaksinar i veke 29, og vil starte vaksinering 21.07.22.

I løpet av denne veka (veke 27) vil ein opne opp for timebestilling på nett (besøklegen.no). Fint om de nyttar denne nettsida, slik at ein unngår unødig belasting på legekontoret si telefonlinje.