Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er du nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg.
Reiselivsnæringa har stort behov for kokkar og servitørar i Sogn. NAV region Sogn, Sogn Næring og Vestland fylkeskommune har i samarbeid med bransjen, oppretta eit utdanningstilbod innan restaurant- og matfag ved Sogndal Vidaregåande skule (VGS) med oppstart 15.august 2023 .
Vi har utarbeidd eit heilt unikt tilbod der du vekslar mellom teori og praksis i bedrift dei tre første åra, og er fulltidslærling i bedrift siste året.
Som deltakar på dette studiet er du garantert lærekontrakt og vi kan legge til rette for den enkelte ved behov.
Sogndal VGS har eit kreativt læringsmiljø med høgt fagleg fokus og god trivsel. Her kan du finne ditt framtidsyrke med fagleg styrke. Når du vel utdanningsprogrammet restaurant- og matfag får du ei allsidig utdanning som kan brukast over heile verda. Du utdannar deg til å kunne arbeide i kreative, spennande og internasjonale miljø. Du bør like å arbeide med mat og vere positivt innstilt til arbeid i eit serviceyrke.
Skulen har lange fagtradisjonar og dyktige, engasjerte lærarar som legg vekt på at elevane skal bli gode fagarbeidarar. Restaurant- og matfag ved Sogndal vidaregåande skule har nye og gode praksislokale med godt utstyr.
Krav til søkarar:
- Over 18 år
- Fullført grunnskule/GMU (grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom)
- Norskkunnskap minimum A2 skriftleg og munnleg
- Registrert som arbeidssøkar hjå NAV – eller du kan søke på ordinær vaksenrett.
Utdanningsløp:
- År 1 –3: Undervisning v/Sogndal VGS + praksis i bedrift
- År 4: Lærling i bedrift
Om du ønsker meir informasjon om tilbodet og innsøking, kan du ta kontakt med NAV Sogndal Rigmor.Wathne@nav.no tlf 472 86 676 eller Idunn.Litlere@nav.no tlf 948 43 039.