Oppheving reguleringsplan Djuvik friområde – offentleg høyring

Vik kommunestyre har gjort vedtak om å sende saka om oppheving av reguleringsplan for Djuvik friområde ut på offentleg høyring. 

Kommunestyret vedtok i sak 070/21 at kommunen sin leigeavtale for badeplassen i Djuvik skal avsluttast. I samband med dette ynskjer Vik kommune å oppheve reguleringsplanen «Djuvik friområde» av 1986. Dersom reguleringsplanen vert oppheva er det kommuneplanen sin arealdel av 2014 som er styrande for arealbruken i området. Meir informasjon finn du på lenkja under «offentlege høyringar»

Merknader kan sendast ved å klikke på lenkja: "høyringsuttale", eller pr post til: Vik kommune, Pb. 134, 6891 Vik i Sogn.

Merknader/innspel kan alternativt sendast som e-post til denne adressa: postmottak@vik.kommune.no

Frist for å koma med merknad er 24. august 2022. 

Til toppen