Statens vegvesen skredsikrar Vikafjellet

Statens vegvesen har starta skredsikringsarbeid på riksveg 13 ved Skreii i Vik kommune. Området ligg i stigninga frå Vikøyri mot Vikafjellet.

Arbeidet omfattar reinsking, skogrydding og oppsetting av fanggjerde. Lengda på arbeidsperioden er véravhengig.

Det blir manuell trafikkdirigering, og vegen vert stengd i korte periodar. Trafikk blir sendt først i retning mot ferje på Vangsnes. Nødetatar og buss i rute får passera.

Riksveg 13 Vikafjellet er ein viktig fjellovergang på sørsida av Sognefjorden, og avgjerande for kryssing av Sognefjorden midt i Sogn. Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid på denne strekninga kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at vi gjer arbeidet nettopp for dei, for at vi skal kunna gje dei ein trygg og føreseieleg framkomeleg veg over Vikafjellet også i framtida.

Skredsikring er ein viktig del av dette, sier byggeleiar Lars Busk Grinde i Statens vegvesen.

Sjå informasjon om gjennomkøyringstider på 175.no