Ta omsyn til villreinen i påskefjellet!

Villrein på vinterbeite er sårbar for uroing. Om simlene skal få friske og levedyktige kalvar til våren treng dyra ro.

Vær varsam og ta hunden i band! 

Påska står for tur og fjellet vil lokke mange av oss ut og opp i høgfjellet for å nyte vårsola. Det er då viktig å hugse på å vise omsyn til villreinen som bur i fjellet, og som snart skal kalva.

Svært sårbar periode for villreinen rundt påske

Påska er ei tid der kalvetunge simler legg ruta si ut mot sine kalvingsområde. Etter ein lang vinter er dei svært sårbare. Om simlene får være i fred, aukar dei sjansen til å få fram ein frisk og levedyktig kalv.

Vegar og andre ferdselsårer i fjellet (stiar, skiløyper, snøskutertraséar) er barrierar for villreinen og vil kunne påverke korleis reinen brukar leveområdet sitt.

Vikafjellet er eit av fjellområda der villreinen har tilhald, i tillegg til andre fjellområde i Vestland.
Du finn ein oversikt over dei ulike villreinområda ved å gå inn på Villrein.no for å lese meir.
Alle skituristar, kitarar, hundekøyrarar og andre som skal på tur i fjellet - ta omsyn til villrein og unngå unødig uroing!

Pass på bandtvang og vindretning

Reinen har ein utruleg god luktesans. I rett vindretning kan den få lukta av oss på fleire kilometers hald. Dette gjeld særleg simlene og ungdyra som følger dei, medan bukkane vanlegvis er meir tolerante.

Det er viktig at hundeeigarar respekterer bandtvangen som gjeld frå 1. april. Om de treff på flokkar eller enkeltdyr av villrein så ta omsyn til vindretninga og unngå unødvendige forstyrringar.

Nyt påskefjellet og takk for at de tek omsyn til dyrelivet!