Tilbod om restaurant- og matfag hausten 2022

Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse? Er du nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg.

Reiselivsnæringa har stort behov for kokkar og servitørar i Sogn, og NAV region Sogn og Vestland fylkeskommune har i samarbeid med bransjen, oppretta eit utdanningstilbod innan restaurant- og matfag ved Sogndal Vidaregåande skule (VGS)  med oppstart 15.august 2022 .

Vi har utarbeide eit heilt unikt tilbod der du vekslar mellom teori og praksis i bedrift dei tre første åra, og er fulltidslærling i bedrift siste året. 

Som deltakar på dette studiet er du garantert lærekontrakt der vi  kan legge til rette for den enkelte ved behov.

Sogndal VGS har eit kreativt læringsmiljø med høgt fagleg fokus og god trivsel. Her kan du finne ditt framtidsyrke med fagleg styrke. Når du vel utdanningsprogrammet restaurant- og matfag får du ei allsidig utdanning som kan brukast over heile verda. Du utdannar deg til å kunne arbeide i kreative, spennande og internasjonale miljø. Du bør like å arbeide med mat og vere positivt innstilt til arbeid i eit serviceyrke.

Skulen har lange fagtradisjonar og dyktige, engasjerte lærarar som legg vekt på at elevane skal bli gode fagarbeidarar. Restaurant- og matfag ved Sogndal vidaregåande skule har nye og gode praksislokale med godt utstyr.

Krav til søkjarar: 

  • Over 18 år
  • Fullført grunnskule/GMU
  • Norskkunnskap minimum A2 skriftleg og munnleg
  • Registrert som arbeidssøkjar hjå NAV – eller du kan søke på ordinær vaksenrett

Utdanningsløp:

  • År 1 - 3: Undervisning v/Sogndal VGS + praksis
  • År 4: Lærling i bedrift

Som ein del av tilbodet er det oppretta eit eige norskkurs for dei som ønskjer det. Sogndal Vidaregåande skule har ansvar for kurset som varer i tre veker med oppstart  28.02.22.

Om du ønskjer meir informasjon om tilbodet og  innsøking kan du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor.