Tilskot frå BKK-Viltfond til fremjing av viltet
BKK-Viltfond er eit felles fond for kommunane Vik, Voss Vaksdal og Modalen.Aktuelle søkjarar er villreinutval-/nemnd, grunneigarlag, hjortevald, jakt- og fiskarlag med fleire.
- Tiltak med bakgrunn i forvaltnings- og driftsplanar skal vektleggjast (både offentlege og privatrettslege planar).
- Tiltak som fremjar bestandsforvalting på tvers av kommunegrensene har prioritet, til dømes villreinen i Fjellheimen villreinområde, leveområde for hjort, småviltforvalting og liknande.
- Midlane skal vera med å fremja lokal kunnskap- og kompetanseutvikling og rekruttering hjå unge.
- Det kan gjevast tilskot til kartleggings, utgreiings- og informasjonstiltak.
- Det kan òg løyvast midlar til ikkje jaktbare artar.
Tilskot skal hovudsakleg vera delfinansiering. Det er ein fordel om midlane medverkar til statleg finansiering av tiltak/prosjekt.
Handlingsplan for midlane finn du på denne lenkja (PDF, 94 kB)
Skiftleg søknad med prosjektskildring og kostnadsoverslag/budsjett sendast til Vik kommune på lenkja her via postmottaket. Merk søknaden med "BKK-viltfond".
Kontaktperson i Vik kommune er landbrukssjef Veronika Seim Bech. Tlf.nr er 90-91-07-09
Søknadsfrist: 01.03.2024
Publisert 06.02.2024 13:41
Sist endra 06.02.2024 14:14