Tilskot til kulturminne

Vestland fylkeskommune har lyst ut tilskotsmidlar til verna kulturminne.

Tilskot til verna kulturminne i Vestland

Tilskotsordninga tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone, vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi.

Søknadsfristen er 18. januar 2023.

Send søknad til Vik kommune, postboks 134, 6891 Vik i Sogn eller postmottak@vik.kommune.no

Tiltak i kommunen som tidlegare har fått støtte frå ordninga er knytt til desse kulturminna:

  • Stabburet og eldhuset på Ytre Le
  • Lussistova på Grønsberg og Flatløa
  • Løytnantstova på Feidjane
  • Feios kyrkje og Rinde stavkyrkje
  • Stabburet på Hønsi
  • Fjøs på Hopperstad
  • Gamlestova på Hovland
  • Bualoftet på Åse i Arnafjord

Det er eit krav at kulturminna er omtalte i Vik kommune sin kulturminneplan: Kulturminneplanen finn du her.

Meir informasjon om tilskotsordninga finn du her.

Lenkje til kulturminneplanen.

Lenkje til kulturminnesøk.

Lurer du på noko? Kulturminnekontakten i Vik kommune er Karen Weichert, karen.weichert@vik.kommune.no, telefon 414 42 726.

Til toppen