To nye verksemder får miljøfyrtårnsertifikat

Ordførar Roy Egil Stadheim delte i dag ut sertifikatet til Highsoft AS og Linn Bad AS.

Under frokostmøtet for næringslivet i Vik, arrangert av Sogn Næring, Vik Næringssamskipnad og Vik kommune den 30.9.22 på Blix hotell, delte ordførar Roy Egil Stadheim ut Miljøfyrtårnsertifikat til Highsoft AS og Linn Bad AS. Vik kommune gratulerer begge med sertifiseringa.

Det er no til saman 10 verksemder i Vik som er sertifiserte som Miljøfyrtårn. Dette er bra, og vi håpar det kan bli fleire.

Sertifisering som Miljøfyrtårn kan vere ein god måte for verksemder å komme i gang med berekrafts- og klimaarbeidet, på veg mot grøn omstilling. Du finn meir informasjon om ordninga på i denne artikkelen.

Utdeling av miljøfyrtårnsertifikat - Klikk for stort bileteFrå venstre: Ingvar Skjerven (Linn Bad AS), Roy Egil Stadheim (ordførar Vik kommune), Julia Gomez Vangsnes og Anne Jorunn Fjærestad (begge Highsoft AS). Karen Weichert