Tradisjonell juleavslutning for kommunestyret

Torsdag avlutta kommunestyret semesteret med tradisjonelt julemøte, og ordføraren delte ut prisen for årets vikje 2022 til Aprajita Vikøren Fosse.

Etter god stemning i drøftingane rundt dei politiske sakene, inviterte ordføraren til tradisjonell julemiddag på Blix hotell. Her delte ordrføraren ut prisen som årets Vikje til Aprajita Vikøren Fosse.

I tillegg vart Thale Halset heidra for 25 års teneste for Vik kommune. 

I grunngjevinga for tildeling av Årets vikje skriv ordføraren:

Det er mange menneske i Vik kommune som kjem under inn under gruppa med heidersnamnet eldsjeler. I år har me den store gleda å gje prisen «Årets vikje» til ei ung, idealistisk jente frå Deiavollen i Vik - til Aprajita Vikøren Fosse. Ho fortener meir enn dei fleste å bli kalla eldsjel, og det ho brenn for, er å gjera livet litt lettare for born i India gjennom å samla inn midlar til dei to barneheimane Nava Jeevan og Nava Diganta.

Aprajita er sjølv fødd i India og budde på barneheim der då ho i 1998, 11 månader gammal, blei adoptert til Noreg og til Vik. Ho voks opp på Deiavollen, og etter grunnskulen gjekk ho på vidaregåande skule og tok fagbrev i kokkefaget. I dag arbeider ho i utsalet på meieriet i Vik.

Ved sida av utdanninga og arbeidet sitt har ho sidan 2008 engasjert seg for å hjelpa trengjande born frå den staden ho sjølv kom frå. Året 2008 kom det første nummeret av bladet Deiavollsavisa ut og lagt ut for sal til naboar og kjende. Deiavollsavisa er ei avis med lokale nyhende og informasjon frå barneheimsarbeidet i India der ho sjølv både er redaktør, journalist, produsent og distributør, no med eit opplag på over 250 eksemplar.

Produksjon og sal av Deiavollsavisa har heile tida vore grunnpilaren og utstillingsvindauget for innsamlinga. I tillegg har ho motteke donasjonar frå lag og organisasjonar, skipa til lotteri med vinstar frå enkeltpersonar og det lokale næringslivet, alt saman til inntekt for fattige barneheimsborn i fødelandet hennar India. Mykje av fritida hennar har gått og går framleis med til dette ueigennyttige arbeidet, og frå 2008 til no har den store og årelange innsatsen resultert i 660 000 kroner til føremålet. Det står stor respekt av dette arbeidet ho i så mange år i sin unge alder har lagt ned.

Aprajita Vikøren Fosse er ein verdig kandidat til utmerkinga «Årets vikje 2022»

Årets Vikje 22 - Klikk for stort bilete