Vaksine mot korona

Personar over 65 år kan no få ein oppfriskingsdose.

Oppfriskingsdosen er anbefalt for følgjande målgrupper:

  • Personar som er 75 år eller eldre og personar busette på sjukeheim.
  • Personer som er mellom 65 og 74 år.
  • Personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp (sjå liste under).
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom (sjå liste under).
  • Gravide i 2 og 3 trimester.

Risikogruppe 18-64 år

  • Organtransplanterte
  • Alvorleg og moderat immunsvikt
  • Immundempande legemiddelbehandling som ved autoimmune sjukdommar
  • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nylig avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift).
  • Alvorlege nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller
  • Lungefunksjon (f.eks. ALS og cerebral parese)
  • Downs syndrom
  • Kronisk nyresjukdom og nyresvikt
     

Risikogruppe 12-17 år

  • Organtransplantasjon (f.eks. hjerte, nyre, lever etc.).
  • Immunsvikt (eksempelvis medfødt immunsvikt eller bruk av medikament som gir betydeleg systemisk immunsuppresjon)
  • Hematologisk kreftsjukdom (f.eks. leukemi, lymfom) siste fem år
  • Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nylig avslutta  (innen siste seks månader) behandling mot
  • Kreft - spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsatt hostekraft eller nedsatt
  • Lungefunksjon
  • Kronisk nyresjukdom med betydeleg nedsatt nyrefunksjon
  • Alvorleg hjertesjukdom (barn med hjertesvikt, alvorleg pulmonal hypertensjon, cyanose, eittkammersjukdom/«Fontan-barn»)
  • Alvorleg lungesjukdom (f.eks. cystisk fibrose, svært alvorleg astma med forverringar som har behøvd akutt sjukehusinnlegging siste året)
  • Annan svært alvorleg sjukdom. Vaksinasjon i slike tilfeller vurderast individuelt av barnelege

For personar med alvorleg svekka immunforsvar er det ikkje nødvendig med ei ny vurdering av
fastlege/spesialist for å få tilbud om oppfriskningsdosen. Pasientane kan vise fram tidligare dokumentasjon i form av vaksinebrev fra spesialisthelsetenesta, journalnotat, resept/e-resept eller medikament-forpakning der pasientens navn kjem fram.
 
For ein del av desse pasientene vil denne oppfriskningsdosen være dose nummer 5. Tidspunkt for denne dosen  må avklarast med din sjukehusspesialist.

Sjå FHI sine nettsider for meir informasjon.

I veke 37 får me den oppdaterte koronavaksine Comirnaty Orginal/Omicron BA.1  Det er Phizervaksine som no i tillegg også gir beskyttelse mot Omikronvirus varianten BA.1. Denne vaksinen kan gis som oppfriskningsdose nr 3 og 4. Dersom du  alt har fått oppfriskingsdose 3 og 4 med den første Phizervaksinen, treng du ikkje ta ny dose no.  

Du kan få tilbod om oppfriskningsdose tidlegast 4 månader etter siste vaksinedose. 

Gjennomgått omikroninfeksjon ser ut til å gi ein lågare grad av immunstimulering, samanlikna med tidlegare variantar. Anbefalinga om ny oppfriskningsdose for dei aktuelle målgruppene, gjeld difor uavhengig av om ein nyleg har gjennomgått infeksjon. Tidsintervall frå tilfriskning etter gjennomgått infeksjon til ny oppfriskningsdose bør vere minimum 3 veker, men eit intervall på 3-4 mnd er anbefalt fordi det vil gi ein betre immunrespons.

Me har opna opp for timebestilling torsdagar på nett (besøklegen.no). Benytt denne nettenesta dersom du kan,  slik at legekontoret si telefonlinje ikkje blir unødig belasta. Alternativt kan du tinge time til vaksinering hjå legekontoret på telefon 57 69 87 00.

Du kan lesa meir om koronavaksinering hjå FHI ved å følgja denne lenka.

For informasjon på fleire språk, kan du bruke FHI si videoteneste. Følg denne lenka.

Koronavaksinen er gratis. 

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon dagtid 57 69 87 11
Opningstid Måndag - fredag, kl. 08.00 - 15.00
Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
E-post postmottak@vik.kommune.no
Tilsette Klikk for oversyn over tilsette
Til toppen