Vaksinering hausten 2025

Frå våren 2025 er det innført eit vaksinasjonsprogram for vaksne i Noreg. Målet er å verne vaksne mot alvorlege smittsame sjukdomar.

Programmet omfattar influensavaksine, koronavaksine og pneumokokkvaksine til eldre og personar i risikogrupper. For meir informasjon om voksenvaksinasjon.

 

Kven bør vaksinere seg og kor ofte?

  1.  Det året du fyller 65 år, får du Prevenar 20 éin gong til redusert pris gjennom vaksinasjonsprogrammet. 
  2. Andre får tilbod om vanleg vaksine (Pneumovax) til ordinær pris (kvart 6. år). For meir informasjon om kven som bør ta pneumokokkvaksine
     

Vaksinen får de på Vik legekontor

  • Torsdag 23.10.25 kl. 08.30- 14.30 - timebestilling
  • Måndag 27.10.25 kl. 08.30- 14.30 - timebestilling
  • Tysdag   28.10.25 kl. 08.30- 14.30 - timebestilling
  • Onsdag  29.10.25 kl. 08.30- 14.30 - open dag - ein kan komma utan å ha bestilt time på førehand. Me vaksinerer fortløpande.

Dersom du ynskjer å reservere time på førehand kan du tinge time på helsenorge.no.  Logg deg inn – velg bestill time – velg ditt fastlegekontor – velg vaksine – velg dag og tid.  Evt. kan de ringe oss på 576 98 700.

Prisane er fastsett av Helsedirektoratet

  • Influensavaksine: 301 kr
  • Koronavaksine: 110 kr
  • Pneumokokkvaksine 500 kr (110 kr for dei fødd 1960) 


(Alle tre vaksinar kan takast samtidig. Det er reduserte prisar ved samvaksinasjon.)


Kommuneoverlege 
Thuy-Anh Le Nes