Varsel om utviding av planområdet for reguleringsplan fortau Vange bru - Flatbygdi skule

Detaljreguleringsplan for fortau frå Vange bru til Flatbygdi skule - varsel om utviding av planområdet
I samsvar med §§ 12-1, 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova blei det i desember 2021 varsla om oppstart av planarbeid for fortau frå Vange bru til Flatbygdi skule. Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Vik kommune.

På bakgrunn av omsyn til kva side av vegane som gjev best tilbod til mjuke trafikantar og av omsyn til Vik fengsel vert det no jf.  §12-8 i plan- og bygningslova varsla å utvide planområdet, slik at det inkluderer Vange bru og noko areal på austsida av brua. 

Innspel skal sendast til Vik kommune innan 3. februar 2023 til: postmottak@vik.kommune.no eller til Vik kommune, Postboks 134, 6891 Vik i Sogn.

Offentlege instansar og partar i området blir varsla med eige brev.