Vått på marka? - det er ledige midlar til grøfting
Grøfting/drenering er eit tiltak som både aukar avlinga og reduserer tap av næringsstoff til vatn og luft.
Me har fått ekstra tildeling, og i Vik kommune er det no kr. 75.300 i tilgjengelege midlar frå staten.
Tilskotet er kr 61 pr meter eller kr 4000,- pr. daa ved systematisk grøfting.
Søknaden om statstilskot må vera elektronisk og det må søkjast i god tid før arbeidet skal gjerast.
I tillegg har kommunen eit eige næringstilskot frå kraftfondsmidlar på kr. 5.000 pr. 100 meter grøft.
Les meir om ordningane her.
Publisert 19.08.2024 12:20
Sist endra 19.08.2024 12:21