Ledige stillingar - Vik kommune søkjer nye medarbeidarar!

Vik ligg på sørsida av Sognefjorden og har i overkant av 2600 innbyggarar. Kommunen har eit variert næringsliv med fleire nasjonalt og internasjonalt leiande bedrifter. Nærmare 100 aktive lag og organisasjonar tilbyr fritidstilbod.

Me har ledig følgjande stillingar

Om Vik kommune

Eit variert næringsliv og offentlege verksemder gir mange spanande jobbalternativ. I lag med mange fritidsaktivitetar og gode offentlege tenester gir dette grunnlag for eit godt liv i Vik!

Alle søkjarar vert oppfordra til å nytte vårt elektroniske søknadsskjema! (Søkjarar må fylle ut pkt.3 CV i søknadsskjemaet). Attestar og vitnemål tek du med til eit eventuelt jobbintervju.

Dersom du ikkje har eigen PC eller treng hjelp til registreringa, kan du ta kontakt med oss på telefon 57 69 82 00.

Brukarnamn og passord kan du få opplyst frå personalkontoret, eller du kan klikke på "gløymt passord". Du vil då få tilsendt nytt passord til den e-postadressa du er innregistrert med i kommunen.