Kommunestyret

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ. Kommunestyret består av medlemmer og varamedlemmer vald av kommunen sine innbyggarar ved kommuneval kvart fjerde år. 

Kvart møte har ein spørjetime der politikarar kan stille spørsmål til ordføraren. Du kan og få stilt dine spørsmål ved å få ein politikar til å stille spørsmålet for deg. Spørsmålet bør sendast til ordføraren minst tre dagar før møtet, slik at ordføraren kan førebu seg og dermed kunna gi eit best mogeleg svar. (Sjå elles reglementet for spørjetimen).

Kommunestyret gjer vedtak på vegne av kommunen så langt vedtaksretten ikkje er delegert til andre organ, sjå delegasjonsreglementet. Alle saker som er av prinsipiell natur skal avgjerast av kommunestyret sjølv. Dette gjeld m.a. budsjett, økonomiplan og overordna rammeplanar for den kommunale verksemda.

Kommunsestyret si samansetjing

Vik kommune har 17 representantar i kommunestyret frå ulike parti. Kommunestyret har omlag 8 møter i året.

Møteplan og representantar i kommunestyret

Her finn du ein oversikt over møte i kommunestyret, sakspapir, ordførar og representantar med kontaktinformasjon.

Viktige lover:

Reglement: