Barnehagen i Fresvik er samlokalisert med privatskulen i Fresvik. Oppstart av barnehageåret er i midten av august. Styrar i Fresvik barnehage er Mari Bøtun, og i tillleg har barnehagen pedagogiske leiarar og fagarbeidarar.
Opningstider
Opningstida i Fresvik barnehage er 07:30-16:15. Barnehagen er sommarstengt i veke 28, 29 og 30. Det er 5 planleggingsdagar i løpet av året. Barnehagen har ei avdeling og ei aldersblanda gruppe.
Satsingsområder
I Fresvik barnehage legg ein vekt på at barna skal ha gode opplevingar i naturen. Gjennom ulike erfaringar med utelivet påverkar det vennekompetansen, og vi får felle sopplevingar som vi kan bygge relasjonar på.
Inkludering og fellesskap er derfor eit viktig satsingsområde.
Gjennom leik og fellesopplevingar gir vi barn mogelegheit til å leike med andre barn og utvikle gode relasjonar og vennskap.
I Fresvik barnehagen legg ein også vekt på utvikling av språk og kommunikasjon. Språklege ferdigheiter har mykje å seie for barna sin trivsel, og gir ei kjensle av meistring i kvardagen. Barn med god språkleg kompetanse vil ha gode føresetnader for samspel med andre gjennom deltaking i leik, vennskap og læring.
Kontaktinformasjon
Publisert 26.11.2021 13:53
Sist endra 17.01.2023 15:14