Familievern

Familievernkontoret gjev deg eller dykk tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema.

Meir om tenesta

Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling 

  • ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år
  • når foreldre som ikkje bur saman, ynskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær

Det er familievernkontor i alle fylka. 

Familiekontora for Sunnfjord og Sogn.

Familievernkontoret samarbeider med helsestasjonane i sitt distrikt, særleg om fødselsførebuande kurs og kurs for nybakte foreldre. Der det er aktuelt og når familien sjølv gjev samtykke til det, samarbeider familievernkontoret med det kommunale barnevernet for å finne gode tiltak for heile familien. Familievernkontoret samarbeider òg med skular, sosialkontor, frivillige organisasjonar, kyrkjelydar og liknande.

Kven kan få tenesta?

Alle familiar som har behov for tenesta.

Korleis kan du søkje på tenesta / kontaktinformasjon

Sjå kontaktinformasjon på sida til familiekontoret for Sunnfjord og Sogn.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Aktuelle lenker og dokument

Barnelova
Ekteskapsloven
Familievernkontorloven

Til toppen