Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) hjelper barn og unge som har behov for særskilt tilrettelegging i barnehage og skule. PPT rettleiar også tilsette i barnehage og skule. Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal gjere ei fagleg vurdering - ei såkalla sakkunnig vurdering. Vurderinga skal vise om barnet treng spesialpedagogisk hjelp og vil foreslå eit tilbod for barnet, foreldra eller barnehagen.

Meir om tenesta

Det er opplæringslova som krev at PPT gjer denne vurderinga, då PPT er både fagleg kompetent og ein nøytral part.

PPT skal gjere ei sakkyndig vurdering i desse tilfella:

  • Søknad om tidleg eller utsett skulestart
  • Spesialpedagogisk hjelp
  • Spesialundervisning
  • Fritak frå opplæring
  • Punktskriftopplæring
  • Teiknspråkopplæring
  • Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
  • Inntak til særskilt utdanningsprogram i vidaregåande
  • Utvida opplæringstid i vidaregåande skule

Barn/elevar under 15 år kan visast til tenesta av føresette eller i samråd med barnehage/skule. Unge over 15 år kan sjølve ta initiativ til kontakt med tenesta, eventuelt i samarbeid med skulen.  Vaksne tek sjølv kontakt med tenesta.

Kven kan få tenesta?

Målgruppa er born, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. PPT hjelper barn og unge med særskilte behov. Eksempel på særskilte behov kan vere:

  • språk- og talevanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • sosiale- og emosjonelle vanskar
  • åtferdsvanskar
  • syn- og hørselsvanskar
  • generelle lærevanskar eller fagvanskar
  • lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • nonverbale lærevanskar

Korleis kan du søkje på tenesta?

Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.

Følg denne lenka for meir informasjon.

Søknadsfrist

Tilvisingane blir handsama fortløpande, og tenesta har ingen søknadsfrist. 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Vilkår for å få tenesta

Barnet/eleven har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Sakshandsaming

Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a. Førespurnader om tilvising blir handsama etter kvart som dei kjem inn.

Kontaktinformasjon

Sogn PPT held til i Dalavegen 2 i Sogndal. 

Telefon 45 87 97 26
E-post: postmottak.ppt@sogndal.kommune.no
Postadresse: Postboks 153, 6851 Sogndal

Aktuelle lenker og dokument

Barnehageloven

Opplæringslova