Klage på helse- og omsorgstenester

Dersom det har skjedd ei uønskt hending, ein feil e.l. kan du klage munnleg eller skriftleg til dei som har levert tenesta, altså til personen, avdelinga eller til kommunen.

Kva du kan du klaga på?

Dersom du meiner at det er gjort feil vedtak eller du vil klage på kvaliteten i tenesta, kan du klage til Statsforvaltaren. Slike klager kan for eksempel gjelde:

  • fagleg uforsvarleg behandling
  • dårleg kommunikasjon
  • blitt avvist frå øyeblikkeleg hjelp
  • saksbehandlingsfeil ved vedtaket
  • andre forhold som er kritikkverdige.

Les meir om korleis å klage til Statsforvaltaren.

Som pasient eller pårørande har du rett til å varsle Helsetilsynet dersom det har skjedd ei svært alvorleg hending i samband med utført helsehjelp. Slike varslingar kan for eksempel gjelde:

  • dødsfall eller svært alvorleg skade på pasient eller brukar
  • ei alvorleg hending som følgje av yting av helse- og omsorgsteneste eller ved at pasient eller brukar har skadt ein annan
  • utfallet er uventa ut frå pårekneleg risiko.

Du kan varsle Helsetilsynet på denne varslingstenesta eller på telefon: 24 20 00 00

Kven kan klage?

Pasientar, pårørande og brukarar.

Korleis kan du klage?

Hovudtilrådinga er at uønskte hendingar blir tekne opp direkte med dei som har levert helse- og omsorgstenesta, eventuelt leiarane deira. Alle tenester skal ha ordningar for dette. Meldingane kan vere skriftlege eller munnlege. Du kan også klage til:

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. 

Vilkår for å få tenesta

Kommunen har ansvar for helsetenesta i fengsel som ein del av den kommunale helse- og omsorgstenesta. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-9.

Korleis kan du klage på tenesta?

Hovudtilrådinga er at uønskte hendingar blir tekne opp direkte med dei som har levert helse- og omsorgstenesta, eventuelt leiarane deira. Alle tenester skal ha ordningar for dette. Meldingane kan vere skriftlege eller munnlege. Kommunen har også eit elektronisk skjema som du kan nytta til å klage på vedtak som gjeld deg sjølv eller ein av dine næraste. Du finn skjemaet her (krev innlogging via id-porten).

Skjema for klage på vedtak.

Korleis blir klagen handsama?

I kommunen

Dersom du klagar til kommunen på eit vedtak, for eksempel eit avslag på ein søknad om omsorgshjelp, vil klaga behandlast av det organet som fatta vedtaket det blir klaga på. Dette organet - underinstansen i klagesaka - kan oppheve eller endre sitt eige vedtak dersom det finn grunn til det. Dersom underinstansen ikkje vil endre vedtaket sitt, skal saka sendast til klageinstansen, som kan gjere ei heilt ny og sjølvstendig vurdering av saka. Opprettheld kommunen sitt vedtak, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.

Hjå Statsforvaltaren

Statsforvaltaren vil innhente nødvendig informasjon frå verksemda og personellet det blir klaga på. Deretter blir ei vurdering gjord av ein jurist og ein helsefagleg saksbehandlar. Vurderinga blir send ut skriftleg i form av eit brev. Når du har klaga vil du få innsyn i saksdokumenta og vil få høve til å uttale deg.

I Helsetilsynet

Ein saksbehandlar i Helsetilsynet vil kontakte deg i løpet av dei komande vyrkedagane for å få nærmare opplysingar om hendinga.

Alle varsel blir undersøkte. Etter den innleiande undersøkinga blir varsla følgde opp på litt ulike måtar, avhengig av kor alvorleg og kompleks hendinga er og om det er risiko for at tilsvarande hendingar skjer på nytt.

I tillegg til å kontakte deg for å få meir opplysingar om hendinga, innhentar Helsetilsynet også nærmare opplysingar frå verksemda før dei avgjer korleis varselet skal følgjast opp.

Aktuelle lenker og dokument