Helseteneste til innsette i fengsel

Det er eit viktig prinsipp at innsette i fengsel har rett til dei same helse- og omsorgstenestene som resten av befolkninga har. Tilbodet skal vere tilpassa behova til den enkelte.

Meir om tenesta

Retten til nødvendig helsehjelp tyder ikkje at ein har rett til eit bestemt medikament eller ei bestemt behandling, for eksempel vanedannande legemiddel mot søvnproblem. Her som utanfor fengselet er det faglege vurderingar som skal leggjast til grunn. Kommunen som fengselet ligg i, skal sørgje for at innsette har tilgang på

  • allmennlegeteneste
  • legevaktordning
  • sjukepleieteneste
  • fysioterapiteneste
  • jordmorteneste

Tilbodet omfattar blant anna

  • helseundersøkingar
  • utarbeiding av individuell plan
  • legemiddelassistert rehabilitering
  • tannbehandling
  • førebyggjande tiltak
  • tilrettelegging for tida etter frigjeving

Kven kan få tenesta?

Innsette i fengsel.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Den innsette skal så raskt som mogleg etter fengsling få informasjon om helse- og omsorgstenestetilbodet. Innsette som ber om det, skal få tilbod om helseundersøking eller konsultasjon hos lege.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. Unnataket er omfattande tannbehandling, som den innsette må betale sjølv.

Vilkår for å få tenesta

Kommunen har ansvar for helsetenesta i fengsel som ein del av den kommunale helse- og omsorgstenesta. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-9.

Korleis kan du klage på tenesta?

Innsette i fengsel har klagerett på same måten som resten av befolkninga. Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.​

Kontaktinformasjon

Vik legekontor
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon dagtid 57 69 87 00
Telefon legevakt 116117
Telefon øyeblikkelig hjelp 113
Telefontid dagtid 08.30-12.00 og 12.30-14.00
Opningstid sommar, 1.5. - 15.9. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.00
Opningstid vinter, 16.9. - 30.4. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.15
Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
E-post Vik.Legekontor@vik.kommune.no

Aktuelle lenker og dokument