Besøk ved Vik bygde- og sjukeheim

I denne artikkelen kan du lesa reglar for besøk ved Vik bygde- og sjukeheim under pandemien.

Det er no normal drift ved sjukeheimen utan særskilte retningslinjer for besøk.
 
Det er likevel viktig å vera årvaken i forhold til symptom på smittsame sjukdomar, som kan medføra alvorleg sjukdom for sjuke og eldre.
 
Me har ikkje lenger fastsett besøkstid, men det er framleis ynskjeleg at de legg besøk til tida mellom 10:30 og 18:00, då det i liten grad påverkar dagsrytmen til pasienten. 

Av omsyn til pasientane ynskjer me ikkje besøk inne på fellesstovene, men de kan nytta anna fellesareal eller pasientrom, der de får sitja åleine med den de er på besøk hjå.

Velkomne!

For spørsmål kan du ta kontakt med: 

  • Avdeling 1: 915 62 368
  • Avdeling 2: 975 83 095