Testing og behandling - siste nytt om koronaviruset

Det er ikkje lengre ei generell anbefaling om testing med tanke på korona ved luftvegs-symptom. Det er heller ikkje naudsynt å registrere eventuelle positive testresultat.

For risikogrupper gjeld ei anna anbefaling!

Dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vera aktuelt at du får behandling med tablettar.
Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk. Tablettane kan du få på resept, og det er legen som vurderer om behandling med Paxlovid er aktuelt for deg. Det er viktig at behandlinga med tabletta startar tidleg. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk, og får luftvegssymptom, bør du testa deg for korona.

Kven vil ha nytte av tablettar?

Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av Paxlovid-tablettar:

  • dei som har alvorleg immunsvikt
  • dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene, og har ein alvorleg sjukdom.
  • alle som er over 80 år.

Kva skal du gjera viss du får luftvegssymptom?

Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du òg feber eller vondt i hovudet.
Dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar. Dersom sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakta fastlegen din eller legevakt. Dersom testen ikkje viser at du har korona, kan du venta med å kontakta fastlegen. Dersom symptoma blir verre, bør du kontakta lege, sjølv om sjøltesten ikkje viser at du har korona. Dersom du ikkje er i risikogruppa, treng du ikkje testa deg for korona sjølv om du har luftvegssymptom.

Sjølvtestar vert utdelt gratis på Vik legekontor i opningstida mellom kl 08.00-15.00

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjera for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona, er å ta koronavaksine.

Meir informasjon om kven som har høg risiko, og kva du skal gjera dersom du blir sjuk, finn du på nettsida til Helsenorge: https://www.helsenorge.no/koronavirus/covid-19/.

Elles gjeld generelle tilrådingar:

  • hald deg heime ved nyoppståtte luftvegs-symptom, viss du føler deg sjuk. Du kan gå på jobb/skule/barnehage og vere ute blant andre dersom du har restsymptom på rennande nese, snørr, er hes eller har litt hoste. Dette gjeld `og for dei med positiv koronatest.
  • om du har nyoppståtte luftvegsymptom bør du unngå kontakt med personar som har auka risiko for alvorleg forløp av luftvegsjukdom (Dette gjeld også nyfødde og spedbarn).
  • ha god hoste- og handhygiene!

Er du usikker ringer du Legevakt på telefon 116 117 (alle dagar - heile døgeret), eller Vik Legekontor på telefon 576 98 700. (Kvardagar mellom kl 08.30-14.00).