Vaksine mot korona

FHI anbefalar no ny oppfriskningdose koronavaksine til aldersgruppa 75 år og eldre, og alle sjukeheimebebuarar.

Dei fleste i den aldersgruppa blei vaksinert i fjor sommar og tidleg haust. Effekten mot alvorleg sjukdomsforløp avtek over tid og FHI anbefalar difor ein ny dose no. Det er sannsynleg at desse også vil ha behov for ein ny oppfriskningsdose til hausten før vintersesongen 23/24.

Vaksineringa bør skje innan april mnd slik at det går tilstrekkeleg tid, minst 6 mnd, før den planlagde haustdosen, og at det er 6 mnd eller meir sidan førre vaksine.

Det vert koronavaksinering i Vik den 21. og 24.april på KYRKJESTOVA.

Ein treng ikkje bestille seg time, men møte opp mellom kl 09 og 14.30.

For dei som er mellom 65 og 75 år- samt personar yngre enn 65 år som er meir utsatt for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19, har tidlegare blitt anbefalt oppfriskingsdose nr 4. Dei som ikkje har fått dette kan kontakte Legekontoret.

Du kan lesa meir om koronavaksinering hjå FHI ved å følgja denne lenka.

For informasjon på fleire språk, kan du bruke FHI si videoteneste.

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon dagtid 57 69 87 11
Opningstid Måndag - fredag, kl. 08.00 - 15.30
Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Vik helsestasjon, Helsetunet, Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
E-post inger.lise.fjaerestad@vik.kommune.no
Tilsette Inger Lise Fjærestad telefon: 41 46 85 07
Digihelsetasjon Kontakt med helsestasjonen via HelseNorge