Tannhelsetenesta

Fylkeskommunen har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta, og tilbyr gratis behandling til prioriterte grupper. I tillegg får 19- og 20-åringar tilbod om behandling til 25 % av offentlege takstar.

Kven kan få tenesta?

Den offentlege tannhelsetenesta skal gje eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til desse prioriterte gruppene:

  • Born og ungdom frå fødselen til og med det året dei fyller 18 år
  • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
  • Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
  • Flyktningar og asylsøkarar på statlege mottak
  • Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret 
  • Andre grupper som fylkeskommunen har vedteke å prioritere

I tillegg har rusmiddelavhengige/-misbrukarar under kommunal rusomsorg rett til gratis tannbehandling.

Kva kostar det?

For dei tre første gruppene er tenesta gratis. Kommunen kan gje stønad til tannbehandling (etter pasient- og brukarrettslova) for dei som ikkje kan sørgje for livsopphaldet sitt. Nav Trygd har eigne reglar om stønad til tannbehandling ved sjukdom.

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt tannhelsetenestelova og folketrygdlova § 5-6.

Slik søkjer du

Fell du inn under ei av dei prioriterte gruppene, treng du ikkje søkje om tenesta. Fylkeskommunen skal vere oppsøkjande. Gje melding dersom du eller borna dine ikkje blir følgde opp.

Ta kontakt med kommunen for støtte til tannbehandling etter pasient- og brukarrettslova. Ta kontakt med Nav Trygd for stønad til tannbehandling i samband med sjukdom.

Telefon-nummer til skuletannlegen i Vik: 57 69 52 00.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Vilkår for å få tenesta?

Kommunen vil i samarbeid med deg avgjere om du skal få støttekontakt eller eventuelt andre tenester. Det er ditt eller familien sitt behov som er avgjerande.

Korleis kan du klage?

Om du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til det organet som fylkeskommunen avgjer. Går avgjerda deg imot eller klagen avvist, kan du klage til Statsforvaltaren. Meir informasjon om korleis du klagar finn du hå Vestland fylkeskommune.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål kan du ta kontakt med skuletannlegen i Vik: 57 69 52 00.

Aktuelle lenker