Driveplikt og jordleige

Om eigedomen din har jordbruksareal med fulldyrka, overflatedyrka jord og innmarksbeite - er det driveplikt på ditt føretak.

Fulldyrka mark er jord som er dyrka til vanleg pløyedjupn og kan bli brukt til åkervekstar eller eng som kan fornyast ved pløying. Overflatedyrka mark er jord som er rydda og jamna i overflata, som gjer det mogeleg med maskinell hausting. Innmarksbeite er jordbruksareal som kan brukast til beite men som ikkje kan haustast maskinelt.

Dyrka jord skal brukast på ein slik måte at den er eigna for jordbruksproduksjon i framtida.

Driveplikta er:

  • personleg
  • gjeld for alle som eig ein slik eigedom
  • gjeld for den tid du er eigar påeigedomen

Korleis oppretthalda driveplikta?

  • ved at du som eigar driv jorda sjølv
  • ved at du leiger vekk areala til andre som driv jorda som du er eigar av

Produksjonseigenskapane på jorda må oppretthaldast slik at arealet kan nyttast til vanleg jordbruksdrift og få til ei normal avling. I utgangspunktet skal då areala haustast og kultiverast årleg. Du som eigar er ansvarleg for at jorda blir driven, utavhengig korleis driveplikta er oppfylt.

Som ny eigar må du innan eit år etter overtaking av eigedommen bestemma om jorda skal drivast sjølv eller leigast bort.

Søkje kommunen om fritak frå driveplikta?

Du finn innlogging til søknadskjemaet her:

Driveplikt - søk om fritak

Utleige av jord

Eigar kan velje å ivareta driveplikta ved å leige ut jorda. Jorda må leigast ut i minst 10 år i gangen. Leigekontraktar ut over 10 år kan kreve delingssamtykkje og konsesjonsbehandling. Dersom jord ikkje blir driven, går kontakten mot eigar - ikkje leigar.

Du kan leige ut jorda di til ein eller fleire leigetakarar. Dette krev leigekontrakt med kvar enkelt leigetakar.

Krav til leigekontrakt

Leigekontrakten skal oppfylla desse krava, ellers kan ikkje ein leigeavtale vera gjeldande. Når avtalen er inngått skal eigar sende ein kopi av denne til kommunen.

  • leigeperioden må vare i minst 10 år

  • leigekontrakten skal vere skriftleg

  • må føra til driftsmessig gode løysingar
     

Dispensasjon frå kravet om 10-års leigekontrakt

Det kan søkjast om dispensasjon frå 10-års kravet dersom det er særlege grunnar for at ein ikkje ynskjer å leige bort jorda så lenge. Det kan td vera dersom ein står framfor eit generasjonsskifte. 

 

Nyttige lenkjer:

På lenkja her finn du eksempel på ein jordleigeavtale.  (PDF, 178 kB)
Denne lenka inneheld jordleigeprisar fordelt utifrå soner i landet
Her er lenkje til gardskart. Vik kommune har kommunenr 4639
Her finn du lenkje med informasjon om oppføring av driftsbygning 

Heimel:

Jordlova LOV-1995-05-12-23
Lov om endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova mv LOV-2017-06-21-99
Rundskriv M-2/2021-Driveplikt omdisponering og deling (PDF, 19 MB)
Rundskriv M-35/95- Jordlova sine formål (PDF, 6 MB)
Lenkje informasjon frå Statsforvaltar i Vestland om driveplikt og jordleige datert i april 2022

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen