Driftsbygning i landbruket

Dersom du skal føre opp ein driftsbygning på gardseigedomen din, må du søkje kommunen om løyve.

I hovudsak er det to typar byggesøknader ein kan bruka, alt utifrå storleiken på utbygginga. Ein søkjer anten med eller utan ansvarsrett.

Utan ansvarsrett

Ved oppføring av nybygg under 1000 m2 (bruksareal) kan ein bruke søknadstypen "søk om tiltak utan ansvarsrett". 
Gardbrukaren kan i slike søknader vera ansvarleg for tiltaket. Denne søknadstypen kan og brukast for tiltak som tilbygg til eksisterande driftsbygning, der arealet av eksisterande bygning og nybygg ikkje overstig 1000 m2 (bruksareal).

Her finn du lenkje med rettleiing i søknadsprosessen i eigen artikkel for oppføring av bygg utan ansvarsrett.

Med ansvarsrett

Ved bygging utover arealgrensa på 1000 m2 (bruksareal) er det krav om bruk av ansvarlege føretak når ein skal søke om oppføring av ein driftsbygning.

Her finn du lenkje med rettleiing i søknadsprosessen i eigen artikkel for oppføring av bygg med ansvarsrett.

Lenkje til bustadspesifikasjon i matrikkelen

Dersom oppføring av driftsbygningen, med eller utan ansvarsrett, skal skje i eit område som er definert som landbruk, natur og friluftsliv i kommuneplanen sin arealdel, treng ein ikkje å søkje om dispensasjon frå kommuneplanen, så lenge driftsbygningen har eit landbruksføremål.
 

Bygge/endre/rive?

Dersom du ynskjer å rive eit bygg gjeld dei same reglane som for oppføring av bygg. I tillegg må det lagast ein avfallsplan og ei miljøsanerings-skildring dersom tiltaket overstig 100 m2.

Sjå eigen artikkel om avfall i byggeprosessen.

Nyttige lenkjer

Informasjon om driveplikt
Felling av tre/rydding av kratt på kommunal grunn-søknadskjema
Kor stort kan du bygge? Lenkje til Direktoratet for byggkvalitet
Direktoratet for byggkvalitet-informasjons-side som kan gi svar på det du lurer på
 

Heimel

Plan og bygningslova med aktiv lenkje for: § 20-1, § 20-2, § 20-4 og lenkje om krav til tiltaket i Pbl kapittel 29
Byggesaksforskrifta med rettleiing - Direktoratet for byggkvalitet (SAK 10)

Til toppen