Meir om tenesta
Du kan sjølv prosjektere og byggje det som blir kalla for mindre byggjetiltak på eigedomen din etter at søknaden din er blitt godkjent av kommunen.
Kven kan få tenesta?
Du eller eit firma som du tingar til bygging eller riving av ein bygning.
Korleis kan du søkje på tenesta?
Du søkjer kommunen på skjema for tiltak som gjeld bygging/riving
Sjå informasjon om søknadsprosessen der du sjølv er ansvarleg alternativt kan eit firma gjere jobben for deg:
Sjå informasjon om søknadsprosessen for fagfolk
Eventuelt kan du sende inn ein søknad om bruksenring:
Her er lenkje med informasjon om bruksending
Under skjema kartbestilling kan du m.a. bestille situasjonskart, naboliste, digitalt kart over vatn og avløpsledningar.
Søknadskjema for kartbestilling
Dette treng du til søknaden:
- Gardsnummer, bruksnummer, festenummer og seksjonsnummer.
- Situasjonskart over eigedomen, anten digitalt eller på papir blir
- Reglar som gjeld for eigedomen din i kommuneplanen sin arealdel, reguleringsplan eller områdeplan
- Teikning av bygget og av plasseringa
- Nabovarsel/kvittering for utsend nabovarsel
Søknadsfrist
Heile året.
Kva kostar det?
Prisar finn du i gebyrlista henta frå dokumentet "Budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026" her.
Vilkår for å få tenesta
Desse faktorane kan avgjere om søknaden treng behandling i kommunen sjølv om det er eit mindre byggjetiltak:
Klage på vedtaket?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Forvaltningslova
Plan- og bygningslova
Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja