Reguleringsplanar i kommunenLytt til tekstenStopp avspillingVik kommune har ei rekkje reguleringsplanar som er elektronisk tilgjengelege. Kvar reguleringsplan har bestemmelsar/føresegner for eigedomar innafor eit område.Gjeldande reguleringsplanar har vore handsama av dei lokale politikarane våre. Naboar, offentlege instansar og organisasjonar som har interesse i planane har fått høve til å uttala seg. Ein vedteken reguleringsplan er eit juridisk bindande dokument. Dersom ein skal gjera noko anna enn på ein eigedom enn det reguleringsplanen opnar opp for, lyt ein få dispensasjon frå reguleringsplanen. Eit anna alternativt er at sjølve planen vert endra.Oversikta på lenkja her kan hjelpe deg for å vise kva for plan som gjeld for din eigedom.Er du usikker på detaljar i reguleringsplanen du finn, eller har andre spørsmål til kva plan som gjeld for deg, kan du ta kontakt med kommunen.På lenkja her finn du informasjon om dispensasjon frå reguleringsplan.Kontaktinformasjon Administrasjonen Informasjon Kontaktopplysningar Telefon 57 69 82 00 Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Organisasjonsnummer 937498764 EHF faktura 0192:937498764 E-post postmottak@vik.kommune.no eDialog Sikker elektronisk post til kommunen Publisert 24.11.2021 12:57 Sist endra 25.10.2024 15:08