Bål/grill

I Norge er det eit generelt forbod for opptenning av bål frå 15.04-15.09

Forbod

Periodar med varmt vêr gjennom vår og sommar kan gi turke, som gjer at faren for skog og grasbrann aukar. Det er difor sett opp eit generelt bålforbod i perioden frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbod å tenne opp bål og grill (inkl. eingongsgrill) i eller i nærleiken av skog.

Brenning av avfall

Det er ulovleg å brenne dei fleste typar avfall jf. forureiningslova, m.a hageavfall og ureint trevirke.   
Hageavfall kan du levere til spesialmottak for dette. Ureint trevirke skal leverast på miljøstasjon.   
Sjå lenkje til eigen artikkel om miljøstasjon.

Dette er lov

I perioden med bål/grillforbod (medio april-medio september) er det likevel lov å grille på strand i god avstand frå skog/vegetasjon. Du kan òg grille i din eigen hage. (Men ver ekstra oppmerksam ved grilling etter langvarig turke i nærleiken av torvtak). 

 

Kontaktinformasjon

Lenkje til tilsette ved Sogn brann og redning.