Miljøstasjon

Opningstider

torsdag 12.00 - 18.00 ( gjeld i perioden 2.september til 30.april)

torsdag 12.00 - 19.00 ( gjeld i perioden 1. mai til 1.september)

Meir om tenesta

Her kan du levere alle typar avfall, bortsett frå matavfall.

Når du kjem på miljøstasjonen, må du sjå til å sortere og kaste avfallet på rett plass. Slik sorterar du.

Dette er godt merka og dei tilsette hjelper deg gjerne. Me oppmodar alle kundar til å sortere avfallet på førehand. Dette gjer det effektivt og billigare for deg (då gratisfraksjonar kan skiljast ut når du betalar).

MiljøId - tilgangsbevis på miljøstasjonane

Tilgangsbeviset får ein ved å laste ned appen MiljøID på telefonen, eller ved å nytte fysisk kort som ein kan bestille hjå SIMAS.

Les meir om MiljøId her. (PDF, 405 kB)

Kommunale bustader vert rekna som privat hushald og frå 01.01.2023 innførte vi gratiskvote på levering av avfall for private. Dette betyr at ein kan levere inntil 3m3 gratis per hushald.

Gratiskvota gjeld kun for dei som betalar renovasjonsgebyr (privat hushald). Dette betyr at næringskundar t.d. teknisk drift, barnehagar, skular og omsorgssenter må betale næringspris slik som tidlegare.

Her kan du levere mindre mengder:

Hugs at:

  • Restavfall må i gjennomsiktige sekker, ikkje svarte/ugjennomsiktige
  • EE-avfall er gratis
  • Landbruksplast er gratis å levere i Festingdalen (betaling på dei andre miljøstasjonane)
  • Farleg avfall er gratis for privatkundar. Næringskundar har deklarasjonsplikt
  • Alle prisane er inkl. mva
  • Eigne prisar for næring
  • NB! Betaling med bankkort eller Vipps på miljøstasjonane

Kva kostar det?

For å gjere prisen på avfallet meir rettferdig, har me gått vekk frå pris etter type bil og hengar. Nå vert alt avfall målt i volum. Er du usikker på kva mengde du har med deg, spør ein av oss som jobbar på miljøstasjonen. Det er fortsatt ein minstepris for deg som har lite avfall.

Prisar på miljøstasjonen 

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål kan du ta kontakt med SIMAS på telefon 57 65 70 70 eller post@simas.no

Aktuelle lenker og dokument

Simas si nettside