Om brannvesenet og brannførebygging

Ved brann & større ulukker ring 110

Sogn brann- og redningsteneste si hovudoppgåve er å førebyggje og hindre brannar. Sogn brann og redning (SBR) har 5 brannstasjonar som er plassert i kommunane; Sogndal-Gaupne-Vik-Balestrand og Leikanger.

Det er dimensjoneringsforskrifta og ROS analyse (jf. brannordning) som avgjer kvar brannberedskapen skal vere. Ein tettstad er pr definisjon (frå SSB) ein stad med meir enn 200 innbyggjarar og mindre enn 50 m mellom husa.

Forskrifta viser til at det ikkje skal vere meir enn 10 minutt innsatstid til sjukeheimar og andre særskilde brannobjekt med høg risiko for tap av liv ved brann. Dette kan i visse høve fråvikast dersom ein gjer kompenserande tiltak i dei objekta dette gjeld.

Heimel:

Forskrift om brannforebygging 2015-12-15-1710

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja